Nytt år og rekord

Share
Foto: Brit Obrestad

Godt nytt år! Artikkelen om Kommunevåpenet i Bygland kommune vart artikkel nr. 88 700. Vi nådde det nye hundretalet 31. desember 2017. Eg hadde ikkje trudd vi skulle runde fleire hundretal i 2017, men denne gongen brukte vi 18 dagar på å runde eit nytt hundretal. Dette var også fjorårets siste dag, med to artiklar til i boks i går, vart totalt antall ved utgangen av 2017 88 702. Tilveksten i 2017 var på 1790 artiklar, 45 meir enn i 2016.

Om vi ser på besøkstal i 2017, er det stor grunn til å glede seg. 110 262 unike gjester besøkte Setesdalswiki i året som gjekk. Dei hadde 180 804 besøk og såg på 1 861 355 sider. Før rekna vi med om lag 400 besøk kvar dag, i desember var det over 550. Så er det bare å halde fram med å utvikle leksikonet vårt i året som kjem.

Ei slik opptelling gjev fleire tankar. Mellom anna lurer eg på om andre nettstader med tema om Setesdal har nesten 1,9 mill sidevisningar i 2017. Det får eg ikkje vite, men eg trur nok at Setesdalwiki rekk høgt på den statistikken.

No lurer eg på om vi klarar å nå 2000 artiklar i 2018. Truleg må vi få med fleire til å skrive om det skal lukkast.

Det er også ei glede å sjå at folk set pris på det vi skriv. Vi får nesten aldri klage. I 2017 starta vi også med å lage lister over fødselsdagar til avisa Setesdølen. Dermed gir vi noko tilbake til avisa, det kan vere ein takk for alt vi får ved å bruke avisa som grunnlag og kjelde for artiklar. I dei månadene vi har gjort dette, frå mai 2017, har vi hatt tre-fire feil som vi har fått tilbakemeldingar på, det er jo også ein måte å korrekturlese desse data på.

Om eg klarar å ha stoff til bloggen dagleg i det nye året, står det att å sjå. Men om eg koblar stoff frå Setesdalswiki, bør det i alle fall bli noko å skrive også her på bloggen i året som kjem.