Snøkaos

Share
Hylestad kyrkje i vinterdrakt 16. januar 2018 Foto: Kjell Einar Kana

Når eg skriv dette, har det kome snø også her i Mandal. Vi trudde det bare var indre bygder og lenger aust at dei fekk snø i denne runden, men til slutt kom det også hit.

I Setesdal var dei meir prega av snøfallet. Vi mista Internett-breidband i går klokka 18 og fekk det att i dag klokka 14, men Bygland og Evje mista både straum og nett, etter det eg har forstått. Også i Valle var det problem, men der fekk dei ordna det tidleg i dag, sjølv om Leite var straumlaust.

Likevel vart det inga sending i Valle Radio i kveld. Torsdag i sist veke var det planleggingsmøte for våren, og då kom det fram at det er på gang ei stor endring når det gjeld studio, det er visst på tale å få digitalt miksebord og skifte ut mykje av teknikken. Truleg er det på høg tid.

Det som vi brukar no står på ein datamaskin som kan hende er 20 år gammal, og programmet for køyring er like gammalt og kan visst ikkje oppgraderast, men må ha ein så gammal maskin for å fungere. Når så denne ikkje spelar på lag, må det lagast naudløysingar. Med alt snøkaos som ramma Setesdal IKT, skulle det mykje til at vår tekniske sjef Jørund Georg kunne rekke å fikse også det som ikkje var galt i radioen, så snøkaoset forplanta seg til kveldens sending.

Då er det bare å håpe på at det blir orden i kaos til i morgon.

Kaos var det vel meir av austpå i dag, eg såg eit glimt på tv av folk som gjekk på ski til jobb i Oslo. Vårt barnebarn Håkon Lyckander var 16 år i dag og han hadde aldri sett så mykje snø på Krutverket i Nittedal der dei bur, første timen i dag var han utan lærar, for læraren bur i Oslo og sat fast i trafikken. Det ordna seg vel etter kvart, andre stader måtte dei stenge skule og barnehage då det ikkje var straum. I morgon må dei visst det i Bygland, så heilt slutt er det visst ikkje.