Gamle svisker og småprat

Share
Foto: Britta Lise Homme

Kveldens sending i Valle Radio vart avslutta med Jim Reeves: Adios amigo etter duettintroduksjon av Ørnulf Hasla og Bjørgulv T. Berg som hadde ansvaret for programmet. Då hadde dei stått for vel to timar med rebusar laga av Harald Haugland og småprat innimellom musikk frå 1960-talet og telefonar frå lyttarar frå Frogner i aust til Vanse i vest, frå Bykle i nord til Kristiansand i sør.

Vinnarane av rebusane var det Kjell Einar Kana som stod for:

Jubileums-caps: Laila Rysstad
Flaxlodd: Birgit Rike Lund
Gavekort frå Joker: Birgit Rike Lund

Han stod også for ein filmsnutt der han sendte direkte frå studio. I skrivande stund er den sett nesten 400 gonger. Du finn den på facebooksida Settesdalsnytt.

Teknikar og ansvarleg i kveld var Siri Johannessen og som telefonvakter hadde ho med seg Solveig Rysstad og Jorunn Helle.

I den opne sendinga var også Sondre Rua Dokken innom og fortalde litt om markering av Turistforeninga sin nasjonale turdag 21. januar. Den skal markerast både i Kristiansand, på Evje og Hovden.

I løpet av sendinga kom det fram at ordet rennedrev er temmeleg ukjent i Setesdal, men Laila Rysstad hadde slått opp og funne det i nynorskordboka. Ørnulf hadde ikkje høyrt det før, men Bjørgulv kjente ordet. Her er dei andre rebusane folk fekk bryne seg på i kveld:

Tema: Vintervær – uvær

1. Nr. 2 + felle eller miste håret + egg = brøytekant
2. Nyvasket + ikkje opp + Mikkel = rennedrev
3. Nedbør + ikkje liten + meter = snøstorm
4. Glatt veg + ikkje etter + nr. 5 = hålkeføre 
5. Drysse + megabyte + ujevn + dags dato = strømbrudd
6. Glatt tøy + lede = silkeføre
7. Dritt + steinrøys = skitur
8. Kuldegrader + blomster = frostroser
9. Norge + terge + jafs = neglebitt
10. Ikkje mørk + snakket usant + omvendt plate = lysløype
Birgit Rike Lund kvo eit stev og sa i praten med programleiarane at når ein fyrst har begynt å høyre på, så kan ein ikkje gjere noko anna.
Gyro Kopperud song fyrste verset av Valle min heimstad, skrive av læraren henna, Torjus Åkre.
Ein rikhaldig kveld med litt av kvart å få med seg!