Utan fasttelefon

Share

I desse dagar kvittar folk seg med fasttelefonen, men vi har no likevel halde på den. Etter at vi fekk breidband, la vi telefonen også over breidband, det er vel ikkje heilt godt når Internett fell ut, men elles har det no fungert rimeleg greitt til det siste.

Men for ei tid tilbake oppdaga vi at folk som hadde ringt til oss på fasttelefonen, ikkje kom inn. Det kom ikkje signal inn, men vi hadde summetone og kunne ringe ut.

I dag tok eg meg på tak og gjekk inn for å chatte med leverandøren og møtte ein flink Malvin som hadde svar på det meste. Likevel måtte han gje opp, etter at han hadde feilsøkt alt han kunne alle stader hos seg, enda han opp med at det mest truleg måtte vere telefonen vår som ikkje fungerte. I prosessen med å prøve å resette systemet, ser det ut til at vi også har mista summetonen. Så no er det vel bare å investere i nytt apperat. Vi vil helst ha med høgtalar, då kan begge snakke med barnebarn som ringer oss eller når vi ringer dei.

Men så er spørsmålet om det er verd det eller om vi skal gjere som dei fleste, gå over til å bare ha mobiltelefon. Det vil eg sove på i natt.