Beredskap i distrikta

Share
Foto: Agder Energi

I dagens Setesdølen hadde Sigurd Haugsgjerd ein prat med Svein Are Folgerø, sjefen i Agder Energi Nett om beredskap i distrikta. Bakgrunnen var at eit linjeryddingsfirma i Åmli meinte at beredskapen i distrikta blir mindre når selskapet ikkje lenger rydder linjer på same måte som før.

Folgerø kunne då fortelje at dei no har fotografert heile linjenettet med helikopter og dermed har betre oversyn over kor det er skog som kan falle over linjene og at det difor ikkje er naudsynt med linjerydding på same måte som før.

Før jul var det ein reportasje på tv om korleis ein tek i bruk droner for å finne feil på linjene, dronene flyg over linjene og den som styrer systemet kan då sjå om det er feil. Dermed blir det mindre klatring for mannskapa. Sjølve arbeidet blir utført av Otera og Oneco, ikkje av Agder Energi Nett.

Folgerø ville difor ikkje gå med på at beredskapen i distrikta blir dårlegare når dei gamle avtalane går ut og ein skal inngå nye avtalar om linjerydding og vedlikehald på straumnettet. Med digitale kart over heile linjenettet vil ein etter hans meining tvert imot få ei betre og meir målretta teneste for beredskapen i distrikta så vel som i tettbygde strok.

Håpet må vere at det ikkje vert lange straumbrot i framtida. I dagens samfunn er så mykje avhenging av at det er straum på nettet til ei kvar tid, at ulempene blir svært store når straumen blir borte over lengre tid. Difor fortener mannskapa som tek seg ut i mørke og dårleg ver mykje honnør for innsatsen dei gjer for vårt felles beste.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *