Elefanten i rommet

Share

I kveld vil eg klappe for Jonas Gahr Støre som på Debatten sa at no er det slutt med at partiet betalar alkohol på arrangement dei står for, som landsstyremiddagar og slikt.

Det meiner eg var på høg tid, for i desse metoo-tidene har det vore ein elefant i rommet som stort sett har blitt omtalt indirekte med uttrykk som fyllerør, han var full og tilsvarande omgrep. Alle veit at det er alkohol som er årsak til fyll, men det har vore svært vanskeleg å kome til erkjenning av at det kan vere lurt å overlate alkohol til eigen pengepung og slutte å betale for den. Organisasjonen treng å spare pengar, sa Støre, mange vil tene på å følgje eit slikt prinsipp.

Sjølv har eg vore totalist i praksis heile livet, men prinsippielt vart eg det etter å ha plukka opp fulle unge frå grøftekanten ei vinternatt. Då sa eg at eg vil ikkje støtte noko som kan ta livet av unge som ikkje klarar å stoppe før dei er stupfulle.

Eg har vore i mange samanhengar der det er servert alkohol og takka nei etter det. Mitt nei har ikkje vore noka hindring for å ha det hyggeleg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *