Forslag til artiklar

Share

Setesdalswiki har no 88767 artiklar. Mangt og mykje er dekka av stoff frå dei indre bygder i Agder. Mange røde lenker gjer at det er nok å skrive om for alle som vil vere med.

Men av og til er det kan hende ein lesar som saknar noko og som gjerne skulle ønske å melde frå om det til aktive skribentar. Då kan de jo nytte denne sida på Facebook og skrive inn kva de saknar, så kan vi i alle fall sjå om vi kan lage ein artikkel om temaet.

Setesdalswiki har ikkje vore særleg aktiv i sosiale medier. Vi har denne facebooksida, og Geir har vore flink til å legge ut aktuell info. Sjølv har eg stort sett late blogginnlegga vere mine bidrag.

Men truleg burde vi prøve å bruke sida aktivt til å fortelje om nye artiklar og andre relevante ting også. Du som les dette, kan også hjelpe til å gjere sida på facebook meir aktiv, slik at ho ikkje druknar i straumen av meldingar som kjem i feeden din.

No skal visst facebook rangere sider etter kor truverdige lesarar finn at dei er, og om du får spørmål om kor truverdig du meiner setesdalwiki er, kan du jo gje tilbakemelding om at du finn sida relevant og truverdig.

Så får vi sjå korleis utviklinga blir av ei slik side i tida som kjem. Ståle LIndblad skreiv noko om slik rangering i eit blogginnlegg i dag. Han kalla det Power to the People. Du kan klikke på lenka og lese det om du vil vite meir om planane til facebook. Ståle var på Setesdalskonferansen for nokre år sidan, og eg har fulgt det han les etter det, han har alltid nyttige tankar å kome med. Eg låner bildet frå meldinga hans i kveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *