Hovdenrevyen

Share

I kveldens Aktuelle time hadde Siri Johannessen funne plass til ein prat med instruktøren for Hovdenrevyen. Det er premiere til fredag i Hovden grendehus, og Bjøro Hildebrandt frå Vennesla hadde litt av kvart å fortelje om revy og slikt, men lite om årets revy.

Det er andre året han er instruktør for Hovdenrevyen, venndølen som er utdanna operasongar og skodespelar og som underviser 40 prosent stilling på Vågsbygd vidaregåande skule (måndag og tysdag) og som elles er frilanser. Han kalla seg barytontenor og lo litt av omgrepet, eg trur han meinte at han ikkje lenger klarar dei høge tonane like godt som då han tok utdanninga si.

Vervet som instruktør for Hovdenrevyen medfører samarbeid med skrivegruppa i ein tidleg fase av planlegginga. Når så øvingane startar, går det i eitt frå fredag til fredag. Men han står ikkje sjølv på scenen, når teppet går opp, er han ferdig med jobben sin.

I år vart premieren utsett, framsyningane skulle vore i haust, men på grunn av ei bilulukke der ein av skodespelarane vart skada, venta ein til nyåret denne gongen.

Årets revy fekk vi ikkje vite så mykje om. Tittelen er Eit bygdefenomen med vide fullmakter. På plakate ser vi eit bord, det ser ut som eit kommunestyrebord, så i samtalen kom det fram at revyen også har eit skråblikk på styre og stell i kommunane i Setesdal. Den som møter opp, får sjå og får seg sikkert ei latterkule eller to.

Break a leg!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *