Indremisjonsforbundet

Share

Indremisjonsforbundet, det som vi ofte kalla Vestlandske, har ein krins som strekkjer seg frå vest i Agder til Birkeland og tek med dalstroka innanfor. I kveld hadde Siri med seg Edvard Foss i sendinga i Valle Radio. Han er predikant i organisasjonen og har vore med der sidan 1981. Då kom han heim frå militærteneste, sjølv sa han at han ikkje var brukande der, og så vart han spurd om å vere barne- og ungdomsarbeidar. Sidan har han vore 14 år som lærar på Bildøy Bibelskule, men no er han attende som arbeidar i Sørlandets indremisjonskrets..

Som reisande predikant er han også oppover i Setesdal. Kvart år er han også med på Bibel- og naturcamp på KVS Bygland, der han også har møter for elevane i skuleåret.

Men Edvard Foss er ein mangesyslar og glad i gamle ting, så han står også for bruktbutikkane som organisasjonen har på Vigeland og på Kvinlog. I tillegg held dei ein del loppemarknader, til saman får dei inn ein million årleg til IMF, som altså ikkje betyr International Money Foundation, men er forkortinga Indremisjonsforbundet nyttar, det er jo langt å seie heile namnet kvar gong.

I tillegg har organisasjonen leirstadene Audnastrand og Kvinatun. Der er det mange ulike arrangement for målgrupper frå små barn til pensjonistar, så predikantane i organisasjonen har mange oppgåver.

Edvard Foss såg tilbake på tenesta som bibelskulelærar med særleg glede. Til slutt i samtalen kom dei inn på at å vere forkynnar er eit kall. Kallet kan kjennast både som lyst til å gjere arbeidet, og så at nokon stadfestar ved å spørje om du vil gjere det.

Ein interessant halvtime vart avslutta med Odd Dubland og dottera som song Jeg vet min gjenløser lever, Edvard Foss var særleg glad i duettsang mellom Odd Dubland og Oddrun Helen Dubland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *