Nytt år i Valle Radio

Share
Martin Skjekkeland. Foto: UiA

Det nye året startar  med tysdagssending i Valle Radio. Den følgjer same opplegg som før, med aktuell time klokka 19.30. Denne gongen byr sendinga på eit opptak frå Valle mållag sitt møte i romjola, der professor Martin Skjekkeland snakka om dialektane på Agder og spesielt om dialektane i Valle og Hylestad. Det var 40 frammøtte i Oveinang grendehus fredag 29. desember, dei kan få reprise om dei har på radioen i morgon kveld.

Tarald Rike skreiv referat frå møtet, det stod i Setesdølen nr. 1, 2018, altså torsdagsavisa. Der fortel han at foredraget også hadde eit opptak der Torleiv Åkre fortalde om korleis det hadde gått med ein deildegast som hadde flytta grensesteinar mellom Åkre og Viki i gamal tid.

Torleiv Åkre var mannen som sende inn stoff til Agder Tidend og som difor er aktuell som kjelde for Olav Holen sine bøker i haust, så i radioen kan ein få høyre han og få dialektdåmen til å lese bøkene.

Her er programmet:

Tysdag 9. januar
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over ein open Bibel frå Norea
18.30 Sangtimen
19.30 Aktuell time med m.a. Martin Skjekkelands kåseri “Dialektlandet Noreg, med sideblikk til Setesdal”
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com 

Nettradio er bare aktiv når det er sending.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *