Regionrådet i eteren

Share

Setesdal regionråd har hatt fast plass i eteren når Valle Radio har fredagssending. Då har gjerne styreleiar eller dagleg leiar stilt opp for å informere. Det har blitt eit par gonger i semesteret.

Det er noko heilt anna å oppleve regionrådet sitt styrearbeid. Då er det ikkje bare ein knapp halvtime med utvalde saker, i dag var det vel om lag fire timar på lufta. Eg fekk med meg det meste, noko skal jo ein pensjonist gjere når snøkovet står rundt husa.

Eg har hatt stor interesse for regionrådet sitt arbeid heilt sidan eg var med på Setesdalskonferansen i 2009, det møtet som ga starten til Setesdalswiki. Så har eg også vore heldig og fått vere med på fleire av møta dei har arrangert opp gjennom åra.

I dagens møte markerte ein at det var første gongen eit møte i regionrådet vart overført. Aller først hadde Ørnulf Hasla ein prat med styreleiar Bjørn Ropstad og dagleg leiar Signe Sollien Haugå om forventningar. Dei trudde det ville bli positivt at folk kunne få direkte informasjon om arbeidet i regionrådet.

Så starta møtet med orientering om satsing innan landbruk. Landbruksdirektør Tore Haugum og rådgjevar og tidlegare ordførar i Iveland, Ole Magne Omdal hadde først ordet. Eg skreiv litt på facebooksida til regionrådet i løpet av møtet, og om første timen skreiv eg dette: Første timen handla om landbruk, etter det eg fekk med meg var det fokus på hagebruk og birøkt. Deretter kom Åseral, dei vart ønska varmt velkomne av alle, observatør i 2018, mål om medlem frå 2019. Det var ordføraren i Åseral, Oddmund Ljosland, som var observatør, han var takksam for den positive velkomsten.

I andre timen var det meir normalt, då var det orienteringssaker som stod på agendaen. Det kommenterte eg slik: Timen før lunsj var det orienteringar frå dagleg leiar og rådmannsutvalet. Deretter var det val av rep til ulike utval. 

Etter lunsj kom rektor Birgit Attestog frå Setesdal vidaregåande skule for å orientere. Ho kunne fortelje at årskulla framover blir mindre og at det er utfordringar for skulen i samband med fylkessamanslåinga, for då vil områda ein kan få elevar frå, bli mindre. Min kommentar på Facebook var slik: Etter lunsj var det orientering ved Birgit Attestog, ho peika på utfordringar i m.a. skuleskyss for Hornnes vgs som gjer komprimert skuledag. Så var det orientering om kommunale innkjøp og Setesdalskonferansen 2018 før møtet vart lukka for handsaming av næringssaker.

Vel halv to vart møtet lukka. Dermed var det heile over. Det var interessant å få det med seg, tenkte eg etterpå.

Klart for regionrådsmøteoverføring 28. februar 2018. Ørnulf Hasla og Jørund Georg Jore. Foto: Signe Sollien Haugå

Regionrådsmøte i radioen

Share

I morgon er det ein milepel for Valle Radio. Det er ikkje ofte vi har sending på dagtid, dugnadsradio må jo helst drivast når medarbeidarane har fri for å kunne lage radio. Men i morgon nyttar Setesdal Regionråd vårt sendarnett når dei går på lufta klokka 8.45 for første gong. Møtet er på Revsnes Hotell, og i kveld gjorde Ørnulf Hasla og Jørund Georg Jore utstyret klart for å ta det med til møtet i morgon.

Systemet blir litt annleis enn når ein overføre kommunestyremøte frå kommunestyresalen i Valle. Det skal for øvrig også skje i morgon, men det er klokka 18. I sendinga på Revsnes skal alle ha kvar sin mikrofon. Den må dei slå av og på. Når dei har ordet, er den på, elles må dei hugse å slå den av slik at ikkje kviskring og blading i papir kjem på lufta. No er det vel ikkje så mykje papir dei har, dei sit vel helst med kvar sin iPad der sakspapira kan leitast fram.

I kveldens sending var Ørnulf Hasla med og fortalde at radioen har investert 70-80.000 kroner i utstyr for å få til desse sendingan. Utstyret kan jo også brukast til alle slags utesendingar, så han meinte det var ein styrke for radioen å ha fått dette utstyret.

Desse sendingane blir lagde ut på Internett på sida til Setesdal Regionråd når møtet er over, slik at ein kan gå inn og høyre dei også i ettertid.

Utstyr til utesending. Foto: Britta Lise Homme

Veke 9, 2018

Share

Så går vi inn i veke 9, 2018, siste veka i februar. Den startar med Sibirkulde, seier Gislefoss på TV, han meiner at når det er så kaldt, ville i alle fall han halde seg inne. Kan hende ville han høyre på Valle Radio. Tysdag kveld og onsdag frå klokka 9 og sidan frå klokka 18, er det sendingar. Her er programmet:

Tysdag 25. februar
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel frå Norea
18.30 Countrygospeltimen med Per Govertsen
19.30 Frå kyrkje og kristenliv: Tom Martin Berntsen og Oddvar Høgevoll
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland

*Petrus Hasse (1583-1640) Preambulum Pedaliter i F-dur. Organist Walter Kraft på orelet i Mariakirche, Lübeck
*Andreas Hammerschmidt (1611-1675) Sei nun wieder zufrieden, meine Seele. Konsert for sopran og basso continuo over Salme 116. Himlische Cantorey, Knabenchor Hannover, Johann Rosenmüller Ensemble, dirigent Jörg Breiding
*Nicholaus Bruhns (1665-1697): Wohl dem, der den Herren fürchtet. Salme 128. Cantus Cölln, dirigent Konrad Junghänsl
*Dietrich Buxtehude (1637-1707): Toccata og fuge i F-dur (BuxWV 157) spelt av Wilhelm Gümpel på orgelet i Erfurter Dom

21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 26. februar
Teknikar: Jørund Georg Jore
09.00 Styremøtet til Setesdal regionråd frå Revsnes hotell.
Ørnulf Hasla ønsker regionrådet velkommen på radio.
18.00 Kommunestyremøte i Valle kommune

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

 Nettradio bare under sending
Cantus Cölln

Vinterferien slutt

Share

Truleg var det lange køar nedover Setesdal i dag. Vinterferien var slutt og folk skulle heim etter ei fin veke på fjellet. Så langt har eg ikkje høyrt at det var ulukker, skred eller slikt i årets vinterferie, og det er det grunn til å vere takksam for.

I avisa sist veke stod det om den blidaste løypekøyraren i dalen. Det var Grete Breivik på Hovden, etter det eg kunne skjøne. Mitt inntrykk er at dei som kjører løypemaskinar lenger sør i dalen også er blide menneske. Dei får i alle fall skryt for løypene, både i Brokke og på Gautestad. Det får løypene på Hovden også, folk vil ha løyper for bortoverski, ikkje bare nedoverski.

Sjølv vil eg ikkje ha ski i det heile. Det ser så lett ut når Johannes og Marit spring rundt løypene i Sør-Korea, eg har jo brukt mykje tid i vinterferien til å sjå på skigåing der. Men for eigen del har ski aldri vore noko alternativ, eg kom meg til og med unna skigåing i militæret, for eg hadde tenesta mi på Gimlekollen, tre månader ein sommar, deretter overføring til heimevernet, der eg etter kvart fekk jobb med å syte for at folk fekk det dei skulle ha i lønningsposen etter fem dagars øving.

Når det ikkje var OL på tv denne veka, kunne eg sjå snooker om kveldane. Det held fram også når vinterferien er slutt og folk møtest att etter fine dagar med ferie. Eg er glad at eg i kveld ikkje skulle ta turen mot køen frå Hovden slik eg gjorde så mange år, men i staden kan nyte dagar, som visstnok skal bli kalde framover også ved kysten, men truleg ikkje så kalde som høgare i lendet.

Foto: Margunn Haugland

Salmer fra Sørlandet

Share

I årets Mammutsalg er boka Salmer fra Sørlandet kommet med. Den er skrevet av Harald Olsen og kom ut på Bokbyen forlag. Det er ingen salmediktere fra Setesdal med i boka, noe som jeg synes er dumt, for selv om Olav Mosdøl bor i Kviteseid, er han fra Agder og burde vært med i en slik bok. Gunnar T. Rysstad, som skreiv Fager er jordi, burde også vært med. Men det er fint å få en slik samling selv om noen mangler.

Sørlandet har levert vesentlige bidrag til den norske salmeskatten. Det er bemerkelsesverdig at Agder har hatt tre biskoper som var betydelige salmediktere, i tillegg til en biskop og flere personer som har hatt svært sentrale roller i nasjonale salmebokkomiteer og liturgikommisjoner. Med et tidsspenn på over 300 år vil dette utvalget representere et stort mangfold og et bredt spekter av uttrykksformer og stilarter. Boka viser stor bredde når det gjelder språklig form. Det har vi valgt å gjøre tydelig i denne samlingen. 26 salmediktere fra Samuel Olsen Bruun til Håvard Rem er med i utvalget. Svein Ellingsen er selvfølgelig med, sammen med Henrik Wergeland, Jørgen Moe, Tore Thomasen og mange andre. Salmen er kulturhistorisk sett en viktig litterær sjanger, idet den forteller mye om mentalitetsutviklingen i vårt folk. Den er en uttrykksform som i særlig grad har vært folkets egen, idet den har satt ord på menneskenes dypeste lengsler, drømmer og behov. Den har også spilt en viktig rolle i språkutvikling og folkeopplysning. Denne samlingen forteller noe om hva som har vært viktige verdier for folk på Sørlandet gjennom 300 år. Harald Olsen har gjennom forskning og arbeid ved Universitetet i Agder lenge interessert seg for salmediktning i landsdelen, og har gjort utvalget som presenteres i boken. 220 sider, innbundet

Nå får man den for 79 kroner. Løp og kjøp.

Nytt hundretal på Setesdalswiki

Share

Eg har mange gonger gitt uttrykk for nytta som Setesdalswiki har av Setesdølen. Leksikonet kan bruke lokalavisa som kjelde for artiklar. Avtalen vi har med avisa om å kunne skrive inn overskriftene, legg grunn for lenker som blir til artiklar basert på det som står i avisa. Denne gongen var det vår artikkel Setesdølen nr. 15, 2018 som førte til at vi runda artikkel nr. 88 900. Vi brukte ein knapp månad på det. Nå er snart februar over, så når mars er over, har vi nok runda eit nytt tusental om vi held fram i same tempo.

Det som skjer på Setesdalswiki blir loggført. Alle redigeringar finn ein på Siste endringer, ei lenke som ligg i venstremargen på sida. Det er også ei liste over nye sider. Der kan du sjå titlane på dei siste artiklane.

Fossekallen ser at våren nærmar seg. Foto: Brit Obrestad

 

Frustrerande

Share

I kveld sette eg meg til å skrive inn Setesdølen nr. 15, 2018 på Setesdalswiki. Avisa i dag hadde 16 sider, så det vart litt å skrive. Då eg var ferdig, lasta eg ned bildet av framsida, slik eg pleier, og så klikka eg på førehandsvisning, slik eg også pleier, for å sjå korleis det tok seg ut.

Men eitt eller anna gjekk galt, så sida ville ikkje lastast opp til førehandsvisning. Det kom ei feilmelding som sa at Setesdalswiki svarar ikkje. Så gjekk det ein knapp halvtime, så var sida oppe att. Men då var det eg hadde skrive, borte. Eg var ute av stand til å få det att, eg hadde jo ikkje kopiert det til utklippstavla eller nokon annan stad.

Heldigvis er det sjeldan slikt skjer. Men det er jo like frustrerande kvar gong det skjer. No er det ikkje anna å gjere enn å skrive inn sida ein gong til og håpe på betre lukke neste gong. Men det blir nok ikkje før i morgon. Til så lenge kan eg jo bruke framsida som bilete på denne  bloggen:

Vinterferiesending

Share

I går var det ikkje tysdagssending i Valle Radio. Det har sjeldan vore tysdagssending i vinterferien. I den tida eg hadde desse sendingane, var eg ikkje i Valle i vinterferien.

Men i kveld var det onsdagssending med Øyvind Jacob som ansvarleg og Ørnulf Hasla som teknikar. Telefonvakter under Opi sending var Jorunn Helle og Solveig Rysstad.

Program

19.00 Tankar frå Bibelen med Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer med Torleif Homme
20.00 Øyvinds time. Vi feirar 50-års jubileum for White Album (The Beatles).
21.00 Opi sending med Øyvind og Ørnulf, rebusar, helsingar og musikk.

På Facebook kom denne meldinga då sendinga var slutt:

Vinnarane av rebusløysinga er:
Øystein Drange: gåvekort på 250,- frå Valle Sport
Irene Bjorland: gåvekort på 250,- frå HASLA
Gratulerer og takk for i kveld

 

På den grøne lenka over kan du lese wikipedias artikkel om The White album. Bilete av planta er litt vanskeleg å legge ut, for det er heilt kvitt, så det droppar eg.

Både og

Share

I dag har eg fundert litt på om det er best med wiki eller avis. Grunnen til funderingane er at svært mange av overskriftene i Setesdølen i dag fekk blå lenker, noko som indikerer at det er artiklar om temaet på Setesdalswiki.

Funderingane enda opp med at eg svarte både-og. For Ein wikiartikkel kan ikkje fortelje om høg temperatur i kommunestyremøte i Evje og Hornnes då det skule lagast byggekomite for Evje-skulane. Wiki-artikkelen har lenke til kommunestyret, slik at ein kan sjå kven som er medlemmer der og kva parti dei høyrer til. Men den høge temperaturen på møtet i sist veke, det må du lese om i avisa.

Avisa har og ei liste over alle frå Setesdal som fekk fagbrev 9. februar 2018 i Arendal. Det ga grunnlag for ein artikkel på Setesdalswiki, der kan ein etter kvart få artiklar om alle saman. Det vil ta litt tid, men avisa vil nok bruke lenger tid om dei skal lage slike artiklar, men avisa sine artiklar vil nok i så fall vere lenger enn leksikonartiklane.

Konklusjonen min vart at mykje stoff i avisa kan vere grunnlag for leksikonartiklar. Av og til kan leksikonartiklar sikkert også hjelpe avisa når dei treng stoff. Med andre ord utfyller dei to kvarandre.

Opplev Evje

Share

No i februar vart eit nytt prosjekt lansert. OpplevEvje er ein nettstad som skal fortelje om laust og fast frå Evje og området rundt denne tettstaden i Indre Agder. Der er Leif Jørgen Versland på Europris Evje som har fått med seg nokre folk for å kome i gang. Geir Daasvatn tek bilete, Jon Gunnar Kjetså er også med, det same er Inge Fredriksen. Målet er å få med bedrifter på Evje og saman skape ei levande side med informasjon om stort og smått som hender i bygda.

Ei slik digital nettavis kan nok konkurrere med Setesdølen, som ikkje vil på nett. Den nyttar stoffet som vi gjennom åra har skrive på Setesdalswiki og lenker til Setesdalswiki. Så eg lurer på om noko av grunnen til at vi i februar har opplevd auke i besøkstal, skuldast at folk går frå nettsida til OpplevEvje og kjem til Setesdalswiki for å finne meir informasjon.

Foreløpig er sida under utvikling, det er bare tre butikkar som ligg under Butikkoversikt. Men kombinasjonen av fast nettside og aktiv facebooksida kan så klart skape noko. Her kan folk gje tilbakemelding på facebooksida og der kan ein også legge ut lenker til artiklar på nettsida.

Initiativet er spennande, men om det skal lukkast, må det bli brukt aktivt med nytt stoff svært ofte. Det er jo eit problem når det er dugnadsbasert. Det har jo vi som held på med Setesdalswiki erfaring for. Likevel er det grunn til å ønske initiativtakarane lukke til med OpplevEvje.

Foto: Geir Daasvatn