Kveldens open sending i Valle Radio var det Ørnulf Hasla og Britta Lise Homme som stod for. Rebusane var lette, så det vart mange telefonar i løpet av dei to og ein halv time som programmet varte.
Sjølv var eg heldig og kom gjennom med rebusløysinga Elgpåkjørsel og fortalde om då eg traff snuten på ein elg med spegelen på bilen like nord for Valle skule. Eg trur eg har fortalt om det på bloggen før. Heldigvis snudde elgen og sprang til skogs.
Men kveldens sending vart litt spesiell som open sending fordi rebusane fungerte dels som innspel til samtalar med folk om aktuelle tema. Det var ein fin måte å aktualisere på og fungerte som fornying av programmet.
Her er kopi frå Setesdalswiki om det som hendte:
- Britta Lise Homme og Ørnulf Hasla har rebusar og spelar musikk. Med gode premiar!
- Premiar
- Gåvekort frå Joker Valle på 500 kr.: Rune Aurum
- Gåvekort frå Valle Motell på 250 kr.: Signe Rysstad
- Gåvekort frå Cirkle K Rysstad på 250 kr.: Sissel Østebømyr Helle
- Gåvekort frå Hasla på 250 kr.: Kristian Thaule
Ring 4177 6666 og svar på rebusar!
- Samtale med
- Merete Austad, dagleg leiar i Brokke Alpinsenter
- Øyvind Omnes, som skal spele på Valle Motell laurdag 3. februar 2018
- Helge Homme, som passar på at vegane vert brøyta
- Leif Kvinlog om konsertar i Hovden grendehus i nær framtid
- Birger Trydal om elg og andre dyr som blir påkjørt
- Dag Hovden om trafikken på Riksveg 9