OL-tider

Share

Nå ligg det to veker med OL framfor oss. Det høver jo godt å ha vinterferie i denne tida, for det er nok mange som heller vil følgje med på kva som skjer i Sør-Korea enn til dømes i klasseromet. Rogaland har ferie no, deretter kjem Agder.

For ein pensjonist som har ferie heile tida kan det vere fristande å stå opp klokka 03 for å få med seg alpint i morgon tidleg, men eg står nok over. I staden blir det vel heller å fylgje med litt utover dagen.

I dag kunne vi gratulere med tre sølvmedaljar og ein bronse, to medaljar i hopp, endåtil. For min del var det minst like interessant å få med seg sjakk-programmet på TV, der Magnus Carlsen er utfordrar i noko som heiter Fisher Random, ei sjakkform der ein ikkje kan memorere trekk på førehand, men må fylgje intuisjon og vurdere sjølvstendig. Med dei gode folka i NRK er det underhaldning i topp klasse.

Eg har ikkje planar om å feire med kremkake eller slikt kvar gong det er medaljefangst i OL. Men i dag var det opptakt til Fastelavn, og då kunne eg unne meg litt snadder til kaffe og sport på TV.