Anne Lise Harstad

Share

I gårsdagens avis kom dødsannonsen til Anne Lise Harstad. Med henne er ein av dei viktigaste medarbeidarane i Valle Radio borte. Anne Lise var ikkje aktiv i radioen som programskapar, teknikar eller telefonvakt. Ho var på andre sida, ein aktiv lyttar.

Dette kom mest til syne i programmet Opi sending, der lyttarane løyste rebusar og kom inn i studio med løysing og var med i trekking av premiar. Kor mange krus ho hadde samla hugsar eg ikkje, men det var ikkje få.

Aktive lyttarar er ein rikdom for ein lokalradio. Vi fekk tilbakemeldingar om program frå Anne Lise, men mest av alt fekk vi støtte for at vi laga radio. Anne Lise og Torleif, som døydde i 2009, sat med kvar sin telefon heime i Leite, klar til å ringe dei første åra vi heldt på.

No er begge borte. Bygda er fattigare. Vi lyser fred over gode minne.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *