Duettsang

Share

Tirsdag snakka Siri Johannessen med Edvard Foss i Valle Radio. Til slutt i sendinga ville han høyre Odd Dubland og dottera Oddrun i duettsang. Då fekk vi høyre Jeg vet min gjenløser lever og det fekk meg til å tenke at duettsang er svært fint.

På bedehusa har det vore vanleg med duettsang, og eg tenkte eg ville lage ei liste med slike, det kunne kanskje vere til glede for nokon om dei vil finne det på Spotify og høyre. Eg er ikkje sikker på om alle ligg der, men dette var nokre av dei som dukka opp då eg leita i minnet for å lage ei liste i ein fart

Odd og Oddrun Dubland
Wenche og Kjetil
Egil og Arne
Odd og Kjell
Per og Monica
Mia Marianne og Per Filip
Søstrene Ree
Norma og John Olav Larssen
John Olav Larssen og Rolf Listrøm
Arnfinn og Jon Petter Nordbø
Marit og Irene

Kom gjerne med kommentar om du har andre som burde vore på lista.

 

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *