Flotte program

Share

Valle Radio har to flotte program denne veka. Siri Johannessen har ansvaret både tysdag og onsdag. I utgangspunktet veit eg at ho hadde prøvd å bytte bort onsdagen, det var visst eit kurs ho skulle på. Men ingen kunne overta, så då laga ho eit program likevel.

Tysdag 13. februar
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over ein open Bibel (Norea)
18.30 Bøker og musikk med Sissel Åkre
19.30 Verdens radiodag,TWR, Norea og Per Birkeli
20.00 Eit møte med Arne Rodvelt Olsen
20.30 Postludium med Arne Rodvelt Olsens musikk
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 14. februar
Ansvarleg: Siri Johannessen, teknikar: Liv Gunn Viki, telefonvakt:
Ingeborg Åkre Løyland
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torfinn Brokke
19.30 Kommunen informerer ved Torhild Charlotte Nyberg
20.00 Siris time med m.a. Jan Kløvstad frå Sørlandets litteraturpris
21.00 Opi sending med Kåre Rike og Jorunn Lund Harstad

NETTRADIO via http://www.valleradio.com  

Med desse to foltte programma får vi markert verdens radiodag, som er i morgon. Om denne seier wikipedia:

Verdens radiodag er en FN-dag for markering av radiokringkastingens betydning. Dagen markeres 13. februar. Gjennom verdens radiodag oppmuntres det til internasjonalt samarbeid mellom kringkastere, fremme av informasjonsfrihet og ytringsfrihet i radio.[1]

Dagen ble etablert etter at FNs organisasjon for utdanning, vitenskap, kultur og kommunikasjon (UNESCO) i 2011 sluttet seg til et spansk initiativ for å få 13. februar, datoen i 1946 da United Nations Radio ble vedtatt etablert, som en markeringsdag for radio.[2] FNs generalforsamling støttet dette i desember 2012.[3]  

Frå klokka 20 til 21 møter vi domkantor Arne Rodvelt Olsen i Tønsberg. I tale og musikk.

Både tysdag og onsdag er litteratur i fokus, tysdag med Sissel Åkre som har eit program med bøker og musikk, onsdag med Jan Kløvstad frå Bokbyen forlag, som skal snakke om Sørlandets Litteraturpris. Hugs å stemme!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *