Mykje vêr

Share

Det er ikkje ofte eg bloggar om veret. Sjølv om veret gjene er eit samtaleemne når folk snakkar saman, er det ikkje ofte eg opplever at det er noko å skrive om.

Men i dag gjer eg eit unntak. Eg tenkjer på alle husstander i Indre Agder som igjen har hatt timar utan straum. Sjølv mista vi Internett ein periode, men det kan ein fint leve med, sjølv om det er irriterande når ein har TV-signala via same fiberkabel. her kom det eit par-tre cm med snø. Men for folk innover i landet som drukna i tung snø i dag igjen, må det vere rimeleg frustrerande.

Å vere kommunikasjonssjef i Agder Energi kan ikkje vere nokon draumejobb i desse dagane, for det er vel heilt tydeleg at dei nokre stader har utsett linjerydding og slikt litt for lenge. Men sanneleg kan det ikkje vere enkelt å vere dei som må ut i ein meter med snø for å reparere linjenettet heller. Dei har min største vørnad, det er ein kjempejobb dei gjer.

Eg legg med eit bilete Jorunn Sørlie Tveiten tok på Evje i dag. Ho skriv:

Nå har vi skuffa hundegårdane for snø 3 gonger i dag. Hundehuset var fritt for snø på fredag, så det har kome mykje dei siste to dagane. Akkurat no følest det som at me drukner i snø. Eg lengter til våren!!

Foto: Jorunn Sørlie Tveiten

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *