Napoleon med noko attåt

Share

I dag kunne eg unne meg ei Napoleonskake etter at eg hadde lagt inn overskriftene frå gårsdagens Setesdølen i Setesdalswiki. Dei dannar eit godt grunnlag for artikkelproduksjon, for rødt lenker frå avisa er utgangspunkt for mange nye artiklar.

Eit anna utgangspunkt for artiklar kan vere programmet i Valle Radio. I kveld steppa Siri Johannessen igjen inn og tok kvelden på strak arm med variert program. Men for første gong på svært lang tid var det ny person i teknikarstolen i radioen. Torfinn Brokke har meldt seg på til å vere teknikar, og det gjekk strålande, så vidt eg kunne forstå. At Britta Lise Homme bidro med gode innspel og idear til Siri om tema ho kunne ta opp, syner at det er godt med teamwork når noko skal ordnast.

Om det var Napoleonskake i radioen i kveld, tvilar eg på. Eg er ikkje sikker på om det var særleg servering i det heile, for det var ikkje vanleg opi sending, men eit musikkprogram. Ettersom det gjerne er telefonvaktene som ordnar servering, og det ikkje var telefonvakter denne gongen, måtte dei kan hende bare stole på at det var noko snask i ei skuffe dei kunne nyte utover kvelden.

Her er programmet:

7. februar 2018
Ansvarleg Siri Johannessen
Teknikar Torfinn Brokke
19.00 Tankar frå Bibelen med Torleif B Harstad
19.30 Kommunen informerer med rådmann Aud Sunniva Fuhr
20.00 Siris (skule)time
– Stig W. Ågedal Mortensen, rektor ved Setesdal folkehøgskule
– Anders Dalseg, fagansvarleg bygningsvern på Setesdalsmuseet, om laftekurs og bygningsvern
– Jon Gunnar Kjetså, inspektør ved KVS-Bygland
21.00 Musikk som har sin opprinnelse frå filmer, med Sondre Rua Dokken og Kjetil Lund

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *