Opplev Evje

Share

No i februar vart eit nytt prosjekt lansert. OpplevEvje er ein nettstad som skal fortelje om laust og fast frå Evje og området rundt denne tettstaden i Indre Agder. Der er Leif Jørgen Versland på Europris Evje som har fått med seg nokre folk for å kome i gang. Geir Daasvatn tek bilete, Jon Gunnar Kjetså er også med, det same er Inge Fredriksen. Målet er å få med bedrifter på Evje og saman skape ei levande side med informasjon om stort og smått som hender i bygda.

Ei slik digital nettavis kan nok konkurrere med Setesdølen, som ikkje vil på nett. Den nyttar stoffet som vi gjennom åra har skrive på Setesdalswiki og lenker til Setesdalswiki. Så eg lurer på om noko av grunnen til at vi i februar har opplevd auke i besøkstal, skuldast at folk går frå nettsida til OpplevEvje og kjem til Setesdalswiki for å finne meir informasjon.

Foreløpig er sida under utvikling, det er bare tre butikkar som ligg under Butikkoversikt. Men kombinasjonen av fast nettside og aktiv facebooksida kan så klart skape noko. Her kan folk gje tilbakemelding på facebooksida og der kan ein også legge ut lenker til artiklar på nettsida.

Initiativet er spennande, men om det skal lukkast, må det bli brukt aktivt med nytt stoff svært ofte. Det er jo eit problem når det er dugnadsbasert. Det har jo vi som held på med Setesdalswiki erfaring for. Likevel er det grunn til å ønske initiativtakarane lukke til med OpplevEvje.

Foto: Geir Daasvatn

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *