Regionrådet i eteren

Share

Setesdal regionråd har hatt fast plass i eteren når Valle Radio har fredagssending. Då har gjerne styreleiar eller dagleg leiar stilt opp for å informere. Det har blitt eit par gonger i semesteret.

Det er noko heilt anna å oppleve regionrådet sitt styrearbeid. Då er det ikkje bare ein knapp halvtime med utvalde saker, i dag var det vel om lag fire timar på lufta. Eg fekk med meg det meste, noko skal jo ein pensjonist gjere når snøkovet står rundt husa.

Eg har hatt stor interesse for regionrådet sitt arbeid heilt sidan eg var med på Setesdalskonferansen i 2009, det møtet som ga starten til Setesdalswiki. Så har eg også vore heldig og fått vere med på fleire av møta dei har arrangert opp gjennom åra.

I dagens møte markerte ein at det var første gongen eit møte i regionrådet vart overført. Aller først hadde Ørnulf Hasla ein prat med styreleiar Bjørn Ropstad og dagleg leiar Signe Sollien Haugå om forventningar. Dei trudde det ville bli positivt at folk kunne få direkte informasjon om arbeidet i regionrådet.

Så starta møtet med orientering om satsing innan landbruk. Landbruksdirektør Tore Haugum og rådgjevar og tidlegare ordførar i Iveland, Ole Magne Omdal hadde først ordet. Eg skreiv litt på facebooksida til regionrådet i løpet av møtet, og om første timen skreiv eg dette: Første timen handla om landbruk, etter det eg fekk med meg var det fokus på hagebruk og birøkt. Deretter kom Åseral, dei vart ønska varmt velkomne av alle, observatør i 2018, mål om medlem frå 2019. Det var ordføraren i Åseral, Oddmund Ljosland, som var observatør, han var takksam for den positive velkomsten.

I andre timen var det meir normalt, då var det orienteringssaker som stod på agendaen. Det kommenterte eg slik: Timen før lunsj var det orienteringar frå dagleg leiar og rådmannsutvalet. Deretter var det val av rep til ulike utval. 

Etter lunsj kom rektor Birgit Attestog frå Setesdal vidaregåande skule for å orientere. Ho kunne fortelje at årskulla framover blir mindre og at det er utfordringar for skulen i samband med fylkessamanslåinga, for då vil områda ein kan få elevar frå, bli mindre. Min kommentar på Facebook var slik: Etter lunsj var det orientering ved Birgit Attestog, ho peika på utfordringar i m.a. skuleskyss for Hornnes vgs som gjer komprimert skuledag. Så var det orientering om kommunale innkjøp og Setesdalskonferansen 2018 før møtet vart lukka for handsaming av næringssaker.

Vel halv to vart møtet lukka. Dermed var det heile over. Det var interessant å få det med seg, tenkte eg etterpå.

Klart for regionrådsmøteoverføring 28. februar 2018. Ørnulf Hasla og Jørund Georg Jore. Foto: Signe Sollien Haugå

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *