Rodvelt

Share

Veit du kor Rodvelt er?

Eg visste det ikkje før i kveld, men det er ein gard mellom Hauge i Dalane og Eigersund, etter det eg hugsar Arne Rodvelt Olsen fortalde. Han var gjest i Valle Radio ein halvtime i kveld, før Siri Johannessen hadde funne fram musikk for trombone og orgel av domkantoren i Tønsberg.

Det vart ein interessant samtale, kan hende kan vi legge den ut på Setesdalswiki seinare. Han fortalde levande om korleis han som i utganspunktet var pianist og hadde planar om å verte prest, vart fanga inn av klangrikdomen til orgelet. Etter gymnas i Flekkefjord, der han fekk høve til å bruke orgelet når han hadde lyst, gjekk turen til Musikkonseratoriet i Oslo. Studier med Bjørn Boysen som lærar, i morgon skal han gravleggjast. Siste sundag i kyrkjeåret 2018 skal Arne Rodvelt Olsen pensjonerast. Då vonar han å få tid til å skrive musikk.

Komponeringa gjorde han ved kjøkkenbordet heime, og så gjekk han til klaveret i stova for å prøve ut det han skreiv. Gåinga gav han tid til å vurdere. I studietida skreiv han nokre salmetekstar, dei fall ut av salmeboka ved siste revisjon, men er å finne i den katolske salmeboka, han er meir enn middels interssert i liturgi og var aktiv i Kirkelig Fornyelse sine møte på Gran i den tida den rørsla var aktiv.

Takk for eit fint program, Siri. Og musikken etterpå var nydeleg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *