Setesdalsbanen

Share

Eg les på Setesdalswiki at Setesdalsbanen hadde 400.000 passasjerar i 1920.

Kan det verkeleg ha vore så mange. Det er jo over 1000 kvar dag. Til samanlikning har Sørlandsbanen frå Stavanger til Kristiansand over ein million passasjerar hundre år seinare.

Men den er lenger og har større kundepotensiale med byar i kvar ende. Likevel trur eg det er rett, i 1920 hadde folk Setesdalsbanen som kollektivt transportmiddel, og det var mange folk ute og reiste.

Så sjølv om det høyrest mykje ut med over tusen passasjerar dagleg, veit ein at nokre gonger stod folk som sild i tønne på toga. Her er eit bilete av Hornnes stasjon i 2009, no er den blitt bustadhus og trafikken har stilna. Endestasjonen på Byglandsfjord er blitt til bibliotek, og det er godt at dei staselege bygningane har fått nye bruksområde. Den endå meir staselege stasjonen i Kristiansand var i 42 år bare endestasjon for Setesdalsbanen, det var før Sørlandsbanen si tid, las eg ein stad.

Foto: Geir Daasvatn

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *