Tysdagsprofil

Share

Den første tysdagen i februar 2018 er programmet i Valle Radio lagt slik at det syner ein tysdagsprofil som har utvikla seg over mange år. Heilt frå vi starta med tysdagsprogram har profilen vore kyrkje, kristenliv og kultur. Det er no over 20 år sidan.

På desse åra har tysdagsprogramma utvikla seg til å bli meir lik onsdagskveldane ved at vi også har henta aktuelt stoff elles. Det skjedde særleg etter at onsdagskveldane måtte redusere på sendetida og droppe det som dei første åra vart kalla Aktuell time, tida frå 18 til 19. Mange programleiarar sleit med å fylle den timen, så den vart teken bort. Dermed vart onsdagskveldane kortare og meir overkommelege for teknikarar og programleiarar.

Dei første åra hadde vi sending til Bykle og Valle, men med tida har det blitt sending til heile dalen ikkje bare av og til, men kvar kveld vi har sending. Då har det vore naturleg å inkludere stoff frå heile dalen når det høver slik, ikkje bare frå Valle. Dette skjer nok mest på tysdagskveldane sidan ein prøver å ha aktuelle saker der, noko som ikkje er like høgt prioritert av programleiarane på onsdagskveldane.

I morgon kjem dette perspektivet godt fram i Siri Johannessen sin aktuelle time. Då vil ho ha ein prat med Hallvard Hasseløy som samlar inn klede frå heile dalen og formidlar hjelp til Ukraina. Og så vil ho ha ein prat med Olav Lidtveit frå Bygland, som er leiar i Nei til EU i Aust-Agder. Han hadde eit lesarinnlegg i Setesdølen sist tysdag.

Her er programmet:

Tysdag 6. februar
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Over ein open Bibel frå Norea
18.30 Sangtimen, to og to…
19.30 Aktuell time med Halvard Hasseløy frå Open Heart og Olav
Lidtveit frå Nei til EU
på telefonen
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *