Uten fiber

Share

Litt før klokka 16 mista vi igjen fiber-breiband. Fuglane må vite kva som er grunnen denne gongen.

Vi vart lova gull og grøne skogar då vi kutta ut parabolen og gjekk over til fiberbasert tv. Alt skulle bli så mykje betre. Men eg kan ikkje hugse at vi var utan tv så ofte då vi fekk signala frå ein satelitt som etter at vi fekk fiber.

Også internett fell ut når fiberen ikkje leverer. Heldigvis har eg ei reserveløysning frå tida eg budde i Valle, eg har framleis mobilt breiband der. Så der bergar eg meg. Difor kan eg skrive blogg og til og med redigere litt på wiki.

Kona er på strikkehelg på Revsnes, så ho saknar nok ikkje tv, men både eg og katten hadde likt at det var liv i skjermen.

Lurer på om eg må gå tilbake til parabol. Sjølv om tallerkenen er borte, kan ein vel få ein ny? Kan hende må eg finne ei bok og ta ein lesekveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *