Vinterferien slutt

Share

Truleg var det lange køar nedover Setesdal i dag. Vinterferien var slutt og folk skulle heim etter ei fin veke på fjellet. Så langt har eg ikkje høyrt at det var ulukker, skred eller slikt i årets vinterferie, og det er det grunn til å vere takksam for.

I avisa sist veke stod det om den blidaste løypekøyraren i dalen. Det var Grete Breivik på Hovden, etter det eg kunne skjøne. Mitt inntrykk er at dei som kjører løypemaskinar lenger sør i dalen også er blide menneske. Dei får i alle fall skryt for løypene, både i Brokke og på Gautestad. Det får løypene på Hovden også, folk vil ha løyper for bortoverski, ikkje bare nedoverski.

Sjølv vil eg ikkje ha ski i det heile. Det ser så lett ut når Johannes og Marit spring rundt løypene i Sør-Korea, eg har jo brukt mykje tid i vinterferien til å sjå på skigåing der. Men for eigen del har ski aldri vore noko alternativ, eg kom meg til og med unna skigåing i militæret, for eg hadde tenesta mi på Gimlekollen, tre månader ein sommar, deretter overføring til heimevernet, der eg etter kvart fekk jobb med å syte for at folk fekk det dei skulle ha i lønningsposen etter fem dagars øving.

Når det ikkje var OL på tv denne veka, kunne eg sjå snooker om kveldane. Det held fram også når vinterferien er slutt og folk møtest att etter fine dagar med ferie. Eg er glad at eg i kveld ikkje skulle ta turen mot køen frå Hovden slik eg gjorde så mange år, men i staden kan nyte dagar, som visstnok skal bli kalde framover også ved kysten, men truleg ikkje så kalde som høgare i lendet.

Foto: Margunn Haugland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *