89000 artiklar

Share
Geir Daasvatn hoppar over gjelet Glømstre.

I går nådde Setesdalswiki 89000 artiklar. Det skjedde med artikkel om ein stad som til vanleg ligg under vatn. Glømstre. På Setesdalswiki kan ein skrive om stort og smått, det som er over og det som er under vatn.

Av og til kjem det mange artiklar på ein dag, i går kom det visst 14, andre dagar er det mindre produksjon. Men smått om senn aukar talet på nye artiklar. Eg lurer på om vi kan nå 90.000 til vi fyller 10 år neste år. Vi burde jo hatt 100.000 til då, men vi er for få som skriv til at det ser ut til å kunne lukkast.

Sjølv om vi ikkje er så mange som skriv, er det mange som les. I dag har vi hatt over 700  besøk og dei har sett på over 6000 sider, så vi skal ikkje klage. Tvert imot, det er grunn til å gle seg over at 700 besøk har funne nyttig stoff i leksikonet ein vanleg torsdag i mars.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *