Bleke røykt i Bjoren-pipa

Share

I vind å regn kan her vere hustre,
å vetredagjen då æ her gruste.
Men skine soli frå himlen blå,
æ her ingjen venare sta å sjå.

Særleg må det gjelde når ein er på tur med Bjoren på fjorden. Den turen har eg aldri fått ta, og det er klart at det hadde vore flott å få oppleve.

Om eg då kunne ta med meg 12 bleker, ferdig renska som har lege i  tre timar med einerkvistar i buken i ei blanding av sukker og salt, og så hekte dei saman på ein ståltråd etter at saltetblandinga er kosta bort, og så hengt i eit kvarter i pipa på Bjoren. Med smaksett rømme og fisk i lefse kan eg godt tenke meg at det ville vere eit festmåltid. 12 bleker ville nok vore litt mykje, men på den andre sida kan ein jo dele med andre passasjerar.

Oppskrifta har eg frå side 146 i Setesdals kulinariske skattkammer av Rune, Margit og Moi. Den boka bør nyttast når påskemenyen skal lagast anten ein er på fjellet eller i byen. I tillegg til matgleden den inspirerer til, er det mykje kosteleg kulturhistorie å få med seg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *