Dødningehodesvermer

Share

Visste du at den største sommarfuglen som er funnen i Norge, vart funnen i Homme?

Dødningehodesvermer er ein sommarfugl som er vanleg i Afrika og Sør-Europa. Men av og til forvillar ein og annan seg nordover. Dermed er den blitt ein av over 2000 ulike artar som er funnen i Norge.

I dagens Fædrelandsvennen kunne eg lese at det i Kristiansand er registrert 1596 artar, 13 meir enn i Arendal. Kristiansand kan difor kallast sommarfuglbyen. Den som fortalde det til journalisten, var Kai Berggren. Han fekk nyleg Det Kongelig Norske Videnskabers Selskabs minnemedalje i gull med grønt ordensbånd for sin store innsats når det gjeld forskning på sommarfuglar i Norge.

I artikkelen stod det at dødningehodesvermeren var funnen i Valle, så eg sende han ein mail for å få vite kva tid det var, eg ville gjerne få det med i Setesdalswiki. Kort tid etter fekk eg eit hyggeleg brev tilbake der han fortalde at det skjedde 1. september 1999, så no ligg det ein notis på den datoen om hendinga.

I artikkelen som Lars Hollerud skreiv, står det også at det blir drept fleire sommarfuglar av bilkjøring på 1 minutt, som av fangst av forskarar på hundre år. Kai Berggren har samla 100.000 sommarfuglar og sett dei på nål, laga omtale av dei. Han er ein av dei fremste i Norge på feltet og har også vore med på så skrive leksikon om sommarfuglar i Norge.

Og nå har Setesdalswiki fått artikel om den største av alle saman.

Foto: Kai Berggren

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *