Itt snjoren brånar

Share

Det er nok litt tidleg å kome med diktet nedanfor om ein skal døme etter all snøen denne påsken. I dagens Fædrelandsvennen var det eit Setesdalsbilag som dokumenterte at det har vore nok av snø i vinter, i det minste i Evardalen. Men då høver det godt med desse steva:

Hev du sett dalen itt snjoren brånar,
å bekkjin fysse å markji tånar?
Hev du høyrt Otra i dundr å dur,
inni gjel å juv, unde fjell å ur?

Hev du kjent vårgusten kinni kjæle,
itt allting vaknar i sol å sæle.
Nei alli by eg den heimen fal,
du min djupe, draumrike Sætisdal.

Hev du sett dalen i brurebuna,
mæ trei laver av blom i kruna?
Å engji ligg der i blomeflor,
som eit tæpe sveipt av ei kjærleg mor.

Hev du høyrt gaukjen på hægste tinda,
å fuglekvitret frå res å rinda?
Hev du kjent sommårens kjælne hand,
vi du sitje bunden mæ dyre band.
Jon Bjørgulvsson Rysstad (1877-1966)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *