Kort møte

Share
Veggtepet i kommunestyresalen i Valle. Foto: Britta Lise Homme

Vi brukar å ha overføring av møte i Valle kommunetyre. Det tek til klokka 18. I dag klikka eg meg inn for å høyre på nettet klokka 18.09, då var det musikk, så eg lurte på om det var gruppemøte. Men litt etter var sendinga slutt.

Eg kommenterte dette på Valle Radio si facebookside. Då fekk eg svar at det hadde vore slutt klokka 18.08. Det må ha vore eit av dei kortaste kommunestyremøta i historia.

Dei handsama tre saker, alle vart samrøystes vedtekne etter slik innstillinga var. Ei av sakene var at dei skulle velje representantar til regionrådet. I utgangspunktet skulle dei bare velje ei kvinne, men sp kravde Senterpartiet forholdstalsval, det ville gje dei den tredje representanten. Valkomiteen ordna det då slik at dei to som sit der no, ordførar og varaordførar, vart attvalde, og så kom Margit Dale inn som kvinna frå Valle kommune.

Dei andre kommunane gjorde unna valet for mange veker sidan, så eg hugsar ikkje kven det var som vart valde frå kommunane sør i dalen, men i Bykle valde dei Venstre-kvinna Tone Lise Avdal.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *