Kulda bit

Share

Vi skriv mars i dag, det skulle vore vår, i staden er det minus 10 og kuling på Sørlandet. Då bit kulda. Ein lege på Haukeland meinte det var lurt å halde seg inne om ein kunne, kan hende vart ein då skåna for influensa. Eg har gjort det og har vore skåna så langt.

Eg tenkjer at minus 10 og kuling bit vel så mykje i nasen som minus 20 og stille, slik det kunne vere i Valle av og til. Dei morgonane ein kom ut i ein slik temperatur, var ikkje gode.

Då eg budde i Valle, klarte eg å halde varmen i leiligheten med straum, i dei åra eg budde i Leite brukte eg ikkje vedomn. Men her har vi varmepumpe i tillegg til vedomn og det er imponerande at ho gjev varme i denne kulden. Men vi synest det er godt å kunne legge i omnen i tillegg.

Heller ikkje katten likar kulda. Han vil likevel ut eit par gonger om dagen, men evar seg mykje før han tek turen, mjauar og klorar og vil ut, men gøymer seg når vi opnar døra. Så blir det korte turar ut før han står på vinduet og skrapar og vil inn att.

Det er litt utruleg at under snøen gjer snøklokkene seg likevel klar til å kome, også her hos oss, ikkje bare på Jæren, der biletet er teke.

Foto: Brit Obrestad

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *