Liv andre har levd

Share

Eg har vore medlem av Den norske bokklubben i svært mange år. Eg prøver å vere flink til å avbestille, slik at ikkje huset skal bli så mykje meir fylt med bøker. Som oftast går det godt, men nyleg dukka det opp eit brev i innboksen om at ei ny bok var på veg.

Vi sukka litt, både Reidun og eg, over at eg hadde vore for sein denne gongen, men sjølv om eg kjøper så lite at klubben ein gong prøvde å få meg til å seie opp medlemsskapet, så held eg fram. Heller ikkje denne gongen sa eg opp.

Boka kom og vart liggjande nokre dagar, men så tok eg ho fram: Edvard Hoem: Liv andre har levd er ikkje ei tynn flis av ei bok, nei, mest 500 sider må til får å fortelje om livet til Eilert Knudtson på prærien i Canada. Han kjempar mot myndighetar og klima og byggjer ein heim som korndyrkar, dels på leigd og dels på eigd jord. I eit etterod fortel Hoem at utgangspunktet frå boka er korrespondanse Eilert hadde med styresmaktene om leige av eit areal og betalinga for dette. Det gjev perspektiv på kampen han førte i mange år.

Ein roman basert på slekta og verkelege personar, det er jo ei utfordring, og mot slutten opplever eg nok at det går noko tregt, boka fylgjer hovudpersonens liv til han døyr, og dei siste åra er ikkje så innhaldsrike som den første tida. Men slik er jo livet. Og så knyter ein trådar fram og tilbake mellom Norge og Canada. Hendingane er i stor grad i tida før forfattaren vart fødd, men på slutten av bok, kjem også han inn i fortellinga. Då er det også allusjonar til Mors og fars historie, ei anna av Hoems bøker, som ikkje går inn kronologisk i slektskrøniken etter Slåttekaren som vart skildra i Slåttekar i himmelen.

Å lese ei bok der gudstru er så sterkt vove inn i livet til personane som vert skildra, er sjeldan. Men det er gjevande og realistisk korleis han kvelvar ein himmel over livet til så mange av dei som er omtalte i boka. Sist i boka er det også eit slektsregister over alle personane som på ulikt vis er knytte til og etterkomarar av slåttekaren Nesje.

Det var eit feilkjøp som var vel verd å gjere!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *