Postkort

Share

Før var det vanleg å sende postkort, dei var til og med litt billegare enn vanlege brev. No er det vel bare som jolekort ein sender postkort. Før kunne gjerne motivet vere frå staden ein var på besøk, sjøv kjøpte eg for mange år sidan postkort som eg ikkje sendte, men som eg sette i album. Dei var jo finare enn bileta eg tok sjølv.

Eg har ikkje tenkt på det før, men denne veka laga eg ein kategori på Setesdalswiki som eg kalla Postkort. For plutseleg gjekk det opp for meg at desse bileta godt kunne vere grunnlag for små artiklar i nettleksikonet. Det var biletet Ingebjørg ved Landeeika som gav meg ideen.

Så gjekk eg på jakt i dei historiske gruppene for å sjå om eg fann postkort der, og då dukka eit kort av Evje stasjon opp. Men det var det visst ikkje råd å laste ned til eigen maskin, så for å få tak i det, måtte eg gå ein del omvegar. Artikkelen har eg ikkje laga enno, men den kjem nok etter kvart.

Om du les dette og har eit postkort frå Indre Agder du vil dele på Setesdalswiki, vil eg vere glad for å få det tilsendt. Du kan sjølvsagt laste det opp sjølv, då vil eg bli endå gladare. Det hadde jo vore fint om vi kunne få ei stor samling med postkort på nettstaden.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *