Program på boks

Share

Kveldens program i Valle Radio var laga på førehand. Difor var det kanskje ikkje heilt rett då radioen på facebook sa at Siri Johannessen sit klar med sending. Kven det var som sette i gang det heile, veit eg ikkje, men eg reknar med at dei som førebur påskesending var på plass og kunne få programmet på lufta.

Eg har huset fullt av påskefolk og då høver det ikkje så godt å pleie min særinteresse for Valle Radio, men eg var innom og fekk med meg litt av intervjua ho hadde med Jon Rolf Næss og Leif Rygg Langerak. Begge hadde lagt bak seg kommunestyremøte før påske og fortalde om aktuelle saker frå sin kommune.

Det er nok mest aktivitet i Bykle i påska, etter det eg såg ein plass, aukar folketalet på 1000 til om lag 20.000 i påska, så då er det nok stor aktivitet. Jon Rolf sa at om han skulle ta for seg alt som skjedde, måtte han nok ha meir tid i radioen enn han hadde. Mykje handlar om friluftsliv og aktivitetar i skibakken og skiløypene.

Ordføraren i Bygland hadde fått sitt første lam, noko som ikkje er så høveleg når det framleis er lenge til grøne vollar. Men slik går det når sauene går ute saman med ein ver, då kan ein ikkje alltid få planlagt kva tid lamma kjem.

Til slutt i kveldens aktuelle time var Ørnulf Hasla med og fortalde om påskesendingane skjærtorsdag og 1. påskedag. Det fekk eg ikkje med meg.

Foto: Britta Lise Homme

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *