Respons

Share

Det er ikkje ofte det kjem respons på sendingane i Valle Radio. Men når det skjer, er det svært hyggeleg. For ein månad sidan, 6. februar, hadde Niklos K. Besteland eit program til minne om domorganisten Lars Mæland. Han var domorganist i Stavanger, og vi fekk høyre han spele og høyre korsongar han hadde laga.

Ein av dei som høyrde dette, var Jon Lammetun, pensjonert organist på 86 år, tidlegare organist i mellom anna Uranienborg kirke i Oslo, men også lærar på Musikkhøgskolen. Han fortalde om programmet til dotter til Lars Mæland, Synnøve M. Sydnes. Ho tok kontakt med oss og lurte på om ho kunne få kjøpe programmet.

Då la Jørund Georg Jore programmet ut på radioen si heimeside, slik at ho kunne få høyre det. No ligg det også på Setesdalswiki si side for denne dagen. 

Lenka ligg under Eksterne lenker heilt nederst på sida.

Stavanger domkyrkje. Foto: Wikimedia Commons

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *