Variert kveld

Share

Fredagsprogrammet i Valle Radio var variert, men kort. Etter Tankar frå Bibelen med Håvard Viki komt Signe Sollien Haugå på telefonen for å prate med Øyvind Jacob i programmet Regionrådet informerere.

Truleg var dette siste gongen Signe var med i rollen som dagleg leiar i Setesdal Regionråd ein fredagskveld, for frå juni er ho på plass som plansjef i Bykle. Søknadsfristen for å søke på jobben er 8. april, altså sundag. Dei snakka om Setesdalskonferansen som skal vere neste veke, det er god påmelding, men framleis plass for etternølarar til å melde seg på. Dei var også innom andre tema som Regionrådet arbeider med, Signe må få ferdig ei årsmelding før ho sluttar, ho arbeider med å få fleire med i Inn på tunet-ordninga, der må ein sertifiserast for å kunne vere med.

I dag er det fem regionråd på Agder: Lister, Lindesnes, Knutepunkt Sørlandet, Østre Agder og Setesdal. Dei samarbeider om ting som er felles, og ofte må Signe på møte der felles tema blir tekne opp, så det er mykje reising i jobben. Etter ti år var det no på tide på gjere noko anna, så ho gleder seg til å kome tilbake til det som er hennar faglege utgangspunkt, planarbeid.

Etter den halvtimen med Signe fekk Øyvind besøk i studio av to 9. klassingar som har prosjekt å samle inn pengar til tur med Kvite bussar til Polen og Auswich før han hadde ein prat med turnuslegen som kom til Valle i mars, Kari Johanne E. Benitez. Ho er frå Vennesla og har hatt første del av turnusen på sjukehuset i Arendal. Ho skal vere i Valle til august, då er turnusen i distrikt over. Ho var ikkje lenge i studio, for ho hadde vakt i kveld både for Bykle og Valle. Til sist fekk vi eit opptak Øyvind hadde laga med Caren og David frå Nederland, som no driv Uppistog Gard på Flateland med geiter, einast geitegarden i Aust-Agder. I tillegg driv dei Flateland Camping om sommaren og Brokke alpinsenter om vinteren, så dei har nok å henge fingrane i.