Nytt hundretal

Share

Eg likar å markere når Setesdalswiki når eit nytt hundretal, og det skjedde i dag med ein artikkel som Geir Daasvatn skreiv. I kjølvatnet av konkursen i Nomeland Anlegg, kom det fram at selskapet var delt i eit driftselskap og eit eigaselskap og at det var driftselskapet som gjekk konkurs. Eigarselskapet Nomelands Anleggsmaskiner fekk ein artikkel og vart nr. 89.100.

I same farten laga han også ein artikkel om dagleg leiar i selskapet, Steinar Nomeland. Etter kvart har vi fått god dekning på artiklar om firma og bedriftsleiarar i Setesdal, men det er framleis mange å skrive om. Så vi har nok å gjere fram mot sommaren.