Frustrerande

Share

Det må vere frustrerande å sitje som ansvarleg og teknikar i Valle Radio der ein har gjort avtale om å ringe opp eit intervjuobjekt, og så er det uråd å få kontakt.

I kveld opplevde Siri Johannessen dette då ho skulle snakke med Oskar Pushmann, han som var i Oveinang grendehus i går kveld og synte refotograferingar av stader der dei gamle og kjende fotografane Lindahl og Wilse hadde vore før. Heilt uråd å få tak i han, synte det seg.

Men så var ho heldig og fekk Gunnstein Seltveit frå Skafsåheii fjellkyrkje inn i staden. Han fortalde om vårsang-arrangementet dei skal ha der fredagskvelden, med ei gruppe som kallar seg Vangsgutane frå Vinje som forsongarar og inspiratorar. Han fortalde elles også levande om aktiviteten i denne kyrkja, som må skaffe sine inntekter sjølv. Ho er ein del av Tokke prestegjeld, men drifta må dei ordne sjølv, så dei må stå på og organisere aktivitetar som kan gje litt pengar i kassen. Elles er det mykje dugnadsarbeid det går i.

Den siste gjesten i aktuell time i kveld var Bergtor Haugå frå Ose Water. Han hadde besøk av Svein Harberg i går, men dei snakka ikkje om det, men om korleis dei har vore heldige og fått overta brukt utstyr frå Voss-fabrikken på Vatnestrøm og at dei no held på og monterer utstyret. Det blir ikkje så mange arbeidsplassar i starten, men ein får ta det litt etter kvart. Vonleg kjem produksjonen i gang til hausten.

Det er noko eige med direkte sending, når det ikkje er eit opptak som er gjort tidlegare, men at samtalen går rett på lufta. Når det fungerer, er det nydeleg, når Telenor ikkje skaffar kontakt, er det frustrerande. Eg vil likevel halde ein knapp på det ferske, boksemat er eit alternativ til ferskvare både i radio og i kjøkkenet, men ferskvare er best etter mi meining.

Takk for kveldens program, Siri Johannessen!