Ni-årsdag

Share

I dag var Setesdalswiki ni år. Geir Daasvatn hadde ei flott fødselsdagshelsing på nettstaden Opplev Evje. Deretter kom det mange helsingar som syner at folk set pris på det vi har gjort desse åra. Takk til alle som likte og kommenterte det han skreiv.

Når ein opplever slikt, tenkjer ein også på kva som kan gjerast for å bli betre, for å auke responsen og for å fremje arbeidet utan å bruke pengar. Facebook kjem stadig med spørsmål om å fremje artiklar for kr. 24 eller ein annan sum, men Setesdalswiki har ikkje pengar, så dei spørsmål må ein bare oversjå.

Sjølvsagt burde vi vore fleire som skreiv, vi er vel fem personar som har laga det meste av stoffet. Men vi burde nok tenke på korleis vi skal fremje stoffet som vert skrive også. Om nokon har gode idear, så ta gjerne kontakt, slik at vi kan snakke om det.

Gjennom desse åra har Setesdalswiki utvikla seg til ein heilt spesiell wiki, eg veit ikkje om andre wikiar som fungerer på same måte som oss, med hendingar i fire kommunar kvar dag, overskrifter frå lokalavisa og leksikonartiklar ut frå desse. Med åra har vi også utvida dekningsområdet slik at vi no dekker meir av Indre Agder.

I dag har vi hatt 850 besøk på Setesdalswiki. I snitt har vi hatt 540 i april, så dagen i dag har vore god når det gjeld besøk. Også når det gjeld oppslag, har den vore god, vi har hatt 6700 oppslag, snittet i april til no er 4900.