Sølvtina

Share

Artikkelen om Sølvtina vart artikkel nr. 89 200. Ideen til å skrive den artikkelen fekk eg då eg rota litt rundt for å sjå om wikipedia hadde ein slik artikkel, men der er ein nok meir opptekne av urbane tilhøve, så ordet var ikkje å finne i tekstmassen deira, No ligg det ein artikkel om emnet på Setesdalswiki, så om folk lurer på kva det er, kan dei finne informasjon hos oss.

Grunnen til at eg vart oppmerksom på dette, var ein artikkel i Setesdølen om to valldølar som fekk denne utmerkinga, som ein får etter 15 år med elitemjølk. Eit bruk på Konsmo fekk også denne utmerkinga i år. To bønder i Åseral fekk sølvspannet, som ein får for 25 år med feilfri melk.

Arbeidet med Setesdalswiki får meg ofte til å tenke at det er bruk for ei wiki som ikkje har så høge krav for å få artikkel. Der har Setesdalswiki ei oppgåve.