Status april

Share

I april registrerte vi nesten 10.000 unike gjester på Setesdalswiki. I snitt hadde vi 618 besøk kvar dag, til saman 18548. I snitt såg kvar gjest på vel fem sider, så vi hadde vel 151000 sidevisningar i april.

Desse tala skulle eg gjerne kunna samanlikna med andre nettsider i regionen, men det kan eg ikkje, for det er sjeldan folk fortel kor mykje besøkt sidene deira er.

Men om eg ikkje kan samanlikne, så fortel tala meg at vi fyller eit informasjonsbehov når så mange er innom og les artiklar om stort og smått, laust og fast frå Indre Agder og Setesdal.

Dei tre siste dagane har besøket til og med vore over 1000, så 18548 er høgaste talet i 2018.