Fødselsdagar

Share

Eit stort pluss med Setesdalswiki er lista over fødselsdagar som kjem opp på framsida kvar dag. I dag hadde desse fødselsdag:

Det er eit stort arbeid å finne fødselsdagane til folk ein skriv artiklar om på Setesdalswiki. Om dei er på Facebook, kan ein kanskje finne noko der, om dei er næringsdrivande, kan ein i alle fall finne fødselsår. Tidlegare var det skattelister ein kunne leite i, men no er dei lukka, for det var visst nokre minus med det, sett frå eit eller anna hald.

Men i dag fann eg, takka vere ho som frå 1. august er biblioteksjef i Bamble, som hadde lese ein artikkel der ei av bibliotekarane der hadde funne ei side i Sverige, der ein også kunne søke etter slike opplysningar i Norge.

Ettersom eg i dag har fundert mykje på korleis eg skulle finne slik informasjon i relasjon til ein av dødsannonsane i gårsdagens Setesdølen, tenkte eg å prøve den, og då fekk eg treff med det same. Sidan prøvde eg fleire, svært mange av dei ga treff. Så då kan ein glede seg til at det blir fleire fødselsdatoar i artiklane framover.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *