Gul stripe til Hovden

Share

Det var interessant å høyre samferdselsjefen i Aust-Agder i Setesdal regionråd i dag. Han synte korleis ein ikkje rekk gul stripe til Hovden innan 2023 og hadde ein ide til løysing av finansieringa slik at ein i alle fall klarar det innan 2025. For enno vil det koste 900 millionar å få gul stripe til Hovden. Og ein har bare vel 400 millionar å rutte med i denne planperioden.

Alle som har kjørt Riksveg 9 i den seinare tida, gleder seg over kor greitt det blir med gul stripe til Hovden. Men ettersom prosjektet ikkje er fullfinansiert, må ein konkurrere med mange andre gode prosjekt, mellom anna Kjevikvegen, som presser seg fram og som kjem mange til gode i eit tettbygd strøk.

Men om ein kan få regjering og storting til å binde opp litt av pengane for neste planperiode til Riksveg 9 no, så kan ein låne det som manglar for å fullføre innan 2025. Pengane frå Konsesjonskraftfondet som er avsette til veg, kan gå til rentene på det lånet, så kan vi klare dei siste parsellane i prosjektet.

No blir det møte med sentrale styresmakter for å få til noko slikt. Truleg alt i mai, for ein ville ha saka opp på Sørlandstinget i begynnelsen av juni.

Når møtet vert overført på radio, kan ein høyre kva politikarane snakkar om også når ein har anna å gjere. Så nyordninga med å overføre møta i Setesdal regionråd på radioen er eit flott tiltak. Kvaliteten på sendinga var god og det var lite skurring og få som snakka utan å bruke mikrofon. Takk for det!

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *