Nyhetsfattig dag

Share

Sjeldan har ein dag vore så nyhetsfattig som pinseaftan 2018. Det einaste som skjedde i verda i dag, var visst prinsebryllupet i England. Det var jo fascinerande å sjå TV-bileta, det var ei mobilisering av kvinner som ein sjeldan ser. Til ei forandring var det vel nesten ingen menn som vart intervjua, men kvinner i alle slags kreasjonar stilte opp langs ruta.

Av gjestene var det meir likevekt, men eg trur nok mange fekk med seg at dette må ha vore ein særs kreativ dag for dei som lagar hattar i England, for det var hattar i alle fasonger og former.

Sjølve arrangementet var prega av den pomp og prakt som ein bare kan få til i UK, men eg let meg imponere både av hestar og dei som skulle halde styr på hestane mellom alle jublande folka. Det kan ikkje ha vore ein enkel jobb. Men det gjekk fint, så langt eg fekk med meg, var det ingen «incidents».

Sjølve seremonien i kapellet var jo også fin med korsang, gospelsang og ei preike som var litt annleis enn slik ein kjenner at britiske predikantar talar. Den amerikanske biskopen var engasjerande som bare ein predikant frå over there kan vere, til slutt sa han at han måtte gje seg slik at paret kunne bli vigde, då hadde han halde på mykje lenger enn ein europeisk bryllaupstale brukar å vere.

Truleg skjedde det like mykje krig og elendighet i dag rundt om i verda som det ein får rapportar om i dei vanlege nyhetssendingane. Men i dag var rapportane frå slike hendingar lite framme i media. I grunnen var det godt, eg tenkjer mange gonger at det kunne vore fint å høyre nyheter om anna enn konflikter og dødsfall, men til vanleg er glade nyheter ikkje særleg høgt prioriterte. Ein kan lett kome til å tru at verda er stappfull av kriser og konfliktar, mens vi jo alle veit at verda også har plass til kjærleik og gode gjerningar.

Det kan vi jo minne kvarandre om når pinsa feirast, då kom Den heilage ande til kyrkjelyden.