Be og se

Share

I kveldens sending snakka Siri Johannesen med ein helgekyrkjetenar i Romedal som i påska hadde fått ein idé medan han stod i tårnet og ringte inn høgtida. Kva med å lage musikk for kyrkjeklokker og blåsarar?

Ideen lufta han for sonen sin etter kvart og det enda opp med eit stykke basert på melodien Apostlene satt i Jerusalem. I det tronge kyrkjetårnet fekk dei med fire blåsarar, opptak vart gjort i april og lagt ut kort tid etter. Då han snakka med Siri, hadde over 6000 vore inne og sett videoen.

Kyrkjeklokkene i Romedal er stemde i B og C, det var noko symbolsk i det, fekk vi høyre. Dei oppfordrar til å be for bygd og folk og til å sjå kvarandre. Slik blei praten ein liten andakt før vi fekk høyre musikkstykket.

Før dette innslaget hadde vi høyrt om eit foredrag som skal vere på Hovden grendehus torsdag. Det handla om strikka kofter. Før det var det både sangtime og andre faste postar samt ein prat med Hege Cecilie Trydal frå Trydal grendelag og etterpå var Niklos K. Besteland på plass med eit program om Mozart i Postludium.

Her er kveldens program tysdag 22. mai 2018

Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein
18.15 Andakt frå Norea radio ved Egil Sjaastad
18.30 Sangtimen med mykje pinse
19.30 Aktuell time
– Hege Cecilie Trydal frå Trydal Grendelag
– Liv J Sandvik Jakobsen med den store koftejakten som kjem til Hovden torsdag
– Johannes Strømstad frå Romedal kyrkje om musikk og fire blåsere og to kyrkjeklokker
20.30 Postludium med Niklos K Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Når det gjeld sykkelritt, kan det også vere nødvendig å be og se. I dag kom Tour des Fjords forbi huset vårt, og eg tenkjer ofte at det er ufatteleg lite som skal til før noko går galt om ein ikkje ser seg godt for i ein slik situasjon. Det var nokre knall og fall etter at dei hadde passert oss, det fekk vi glimt av under TV-sendinga. Då får vi be om at det ikkje blir store skader under desse fascinerande dagane.

Tour des Fjords 2018 forbi huset vårt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *