Gjenbruk

Share

Det går ei bølge over landet når det gjeld gjenbruk. Særleg gjeld det, så vidt eg har fått med meg, misjonsorganisasjonar og ideelle organisasjonar. Eg las at NMS, som driv gjenbruksbutikken på Evje, fekk 20 millionar kroner frå sine gjenbruksbutikkar på eitt år. Pengane nyttar dei i arbeidet rundt om i verda.

Det som er grunnen til overskotet, er at butikkane knapt har lønnsutgifter, det er frivillige medarbeidarar som tek ei vakt i veka eller kvar 14. dag. Når dei ikkje har utgifter til anna enn husleie og straum, blir det fort noko å sende til misjonen.

Sjølv stikk eg av og til innom ein slik butikk for å sjå etter ei bok. Andre ting har eg meir enn nok av, eg har i grunnen meir enn nok bøker også, det var difor eg i går skreiv om å ta ein pose med til ein gjenbruksbutikk, noko som måtte utsetjast, då eg plutseleg såg ein ny måte å bruke bøkene på som måtte testast.

Men om eg ikkje går innom bruktbutikk sjølv i særleg grad fysisk, er eg innom bruktbutikkar i Danmark to gonger dagleg. Det er gjennom programma Skattejakten klokka 09.40 på NRK1 og Antikkrunden på NRK2 klokka 12.15. I Danmark må gjenbruk vere endå meir utbreidd enn i Norge, for vi blir ofte overraska over kor store bygningar det er som er fulle med ting og tang som skal seljast for ein slikk og ingenting.

Programma er laga slik at ein blir kjent med folk som er på leiting etter gull i alt rotet, så frå gong til gong kjenner ein att leitinga. Samstundes lærer vi litt om ting som er etterspurde. Bøker er ikkje det i desse programma, men teakmøbler, lampar og glass går unna.

I grunnen er det veldig greitt med slik digital skattejakt. Ein slepp å få eige hus fylt opp, men kan glede seg over å sjå at ting blir verdsett og får nytt liv. Det er greitt for ein pensjonist.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *