Gratulerer, Vetle

Share

I kveld vart det 3. plass på Vetle Tveiten Hoslemo i finalen i Norske Talenter, I Bykle samfunnshus og rundt om i Setesdal og elles i Agder var det mange som fylgde med på TV2 i kveld. Mange som også stemte på Vetle, for det var stemmene som ga han tredjeplassen.

Sangen var den gamle folkevisa Håvard Hedde. Medan han før kvo utan tonefylgje, hadde han fått tonefylgje denne gongen. Flott at den gamle sangskatten kan kome så langt i ein slik konkurranse, førsteplassen gjekk likevel til engelskspråkleg sang.

Her er Vetle sin tekst:

Eg heiter Håvard Hedde og er så ven ein kar;
no vil eg bort og gifta meg og rydja meg ein gard.
Refreng
−Eg bur oppunder fjell,
og jenta hev eg lova, eg svik ho ikkje hell.
Eg heiter Håvard Hedde og bur oppunder nut;
no vil eg bort og gifta meg, eg vil kje ganga gut.
−Eg bur oppunder fjell osb.
Garden den er liten, men skogen, den er god;
der heve eg to furer, og dei skal stå i ro.
−Eg bur oppunder fjell osb.
Når borni dei vert mange, og skuldi aukar på,
så høgg eg ned den eine, den andre ho lyt stå.
−Eg bur oppunder fjell osb.
Men når me verte gamle, og kvar skal hava sitt,
så høgg eg ned den andre, og då er skogen kvitt.
−Eg bur oppunder fjell osb.
Det var no ikkje undrands at Håvard totte vondt.
Han reiste ifrå Lanjei den mørke haustenott.
−Eg bur oppunder fjell osb.
Han reiste ifrå Lanjei, og då vart jenta fest,
men det var med ein annan, det hev han trega mest.
−Eg bur oppunder fjell,
og jenta hev eg lova −ho sveik meg likevel.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *