Lokalt fokus

Share

Kveldens sending i Valle Radio hadde lokalt fokus. Her er programmet:

Program onsdag 09.05.18
Ansvarleg Øyvind Jacob
Teknikar Ørnulf Hasla
19.00 Tankar frå Bibelen med Torfinn Brokke
19.30 Kommunen informerer fell bort, og vi tar kontakt med kvedaren Vetle Tveiten Hoslemo i Bykle og gratulerer med at han kom til finalen i Norske Talenter. Bykle kommune vil lage stor festivitas den 18. mai og vi taler med ordfører Jon Rolf Næss.
20.00 Øyvinds time
– Gunnar Greibrokk som investerer i nytt bygg i Valle sentrum
– Ingebjørg Brottveit (93år)om å vakse opp i Nordbygda i Bykle
21.00 Øyvind og Ørnulf drodler rundt musikk dei elsker.

I sendinga kom det fram at Bykle kommune steller i stand ope hus i Bykle samfunnshus 18. mai frå klokka 19. Ordførar Jon Rolf Næss meinte at dette var flott reklame for Setesdal og folkekulturen. I programmet kom det fram at det var Norske Talentar som inviterte Vetle med etter å ha fått tips frå Kirsten Bråten Berg.

I Øyvinds time var det først ein god samtale med Gunnar Greibrokk, mannen som investerer i nybygg der Coop Prix skal leige halvparten av arealet og Nordibø Landhandel skal etablere stad for å kjøpe lokal mat. Oppå dette kjem det åtte leiligheter, storleik 65 eller 85 kvm, alle med terrasse. Fleire er alt på lista som interesserte kjøparar til desse, dei får heis og er laga med universell utforming, slik krava er i dag.

Siste del av Øyvinds time fekk vi høyre eit opptak han hadde gjort med Ingebjørg Brottveit (Ruslehaugen) der ho fortalde om oppvekst i Nordbygdi i Bykle. Han åtvara på førehand om at det var ulik kvalitet og at han tok opp att mykje av det ho sa, og det var godt med den åtvaringa, for Ingebjørg sin stemme sette opptakaren på store prøver. Men det var interressant å høyre henne fortelje.

Siste del av sendinga snakka programleiar og teknikar saman om musikk dei sette pris på. Tema var litt Retro, dei såg tilbake på musikarar dei hadde til dels lytta til frå tidleg ungdom før Øyvind nytta høve til å promotere Ole og Silje Huleboer med ein sang til slutt.

Du finn lenker på Setesdalswiki: Onsdagssending i Valle Radio 20180509

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *