Nytt hundretal

Share

Artikkelen om konfirmantar i Hylestad kyrkje 2018 vart artikkel nr. 89300 på Setesdalswiki. Vi har etter kvart fått ganske mange artiklar om konfirmantar, til no har vi fem frå i år, og vi synest det er viktig å ha dei med på Setesdalswiki. Det er som regel dei yngste vi har artiklar om, så det blir ikkje einskildartiklar, men samleartiklar er også viktige.

Denne gongen gjekk det over ein månad på 100 nye artiklar. mai har vore varm og ikkje så inspirerande skrivemånad. Til og med bloggen hadde ein pause. For meg, som skriv mest med utgangspunkt i Setesdølen, har det også vore lite å skrive om, for i mai har avisa stort sett bare kome ein gong i veka på grunn av alle heilagdagane. No er dei over, så no burde det kanskje bli normalt ein periode att.

For framleis er det mykje å skrive om, sjølv om vi bare dekker ein liten bit av Indre Agder på Setesdalswiki.

Til og med elefantar treng avkjøling no.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *