Refleksjonar

Share

I dag var eg på Slottsplassen og såg toget gå forbi. Ikkje fysisk, altså, men NRK si sending var utan kommentarar og utan hopp rundt om i landet, ettersom det er journaliststreik i kanalen. Dermed var det grunnlag for eigne refleksjonar i staden for kommentatorane sine.

For det første kunne ein verta  overvelda av dei store folkemassane. Av og til fekk vi oversynbilete som synte at Karl Johansgate var full av folk så langt auga kunne sjå. Slike bilete fortel noko om kor folkerik hovudstaden er blitt med åra.

For det andre var det slåande at det var så mange etniske grupper med i toget, det var fargerikt. Politikken har vel vore at bare norske flagg skulle få plass i toget, men eg såg også FN-flagget.

For det tredje tenker eg på alle lærarane som stiller opp i toget. Eg reknar med at det var lærarar som gjekk med skulane, ikkje foreldre. Det vart for mange år sidan slik at det ikkje var plikt for lærarar å stille opp 17. mai, men dei gjer det likevel, trur eg. Kan hende er det ein turnusordning, slik at ein bytter på. For det må vere nokon som kjenner ungane som kan få dei til å gå høveleg greitt den lange ruta gjennom byen.

For det fjerde såg vi korleis det ikkje var lett for alle å innordne seg. Nokre hadde lyst til å gå ut av rekkene og gjere eit og anna sprell, men så langt eg kunne sjå, gjekk til prisverdig fint. Det var også imponerande å sjå drillgrupper som kasta stavane sine og fanga dei att, om dei miste staven ein gong, plukka dei han opp og heldt fram som om ingenting skulle ha hendt.

For det femte er det grunn til å la seg imponere over dei kongelege på ballkongen. Dei vinka og helsa og heldt på flosshattane i vinden og heldt ut i mange timar.

Endeleg er det grunn til å reflektere over innsatsen til dei mange korpsa. I vinden på Slottsplassen var det problem å ha notene på plass, men musikken gjekk likevel med liv og lyst. Dei refleksjonane fører meg også til Porsgrunn, der min svigerson Stein spelar sousafon i Brevik Musikkorps. Det korpset er 100 år i år og var difor invitert til å gå i toget i Porsgrunn, Brevik er jo ein del av den kommunen. I løpet av dagen gjekk han over 25000 skritt. Imponerande.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *